onsdag 27. juli 2011

Det nærmar seg slutten på sommaren (som aldri heilt kom)…

For meg er det eit par teikn (anna enn kalenderen) som viser det: Avslutning av Tour de France (søndag) og bursdagen min (i går).

008

Eg feira ikkje så stort, men hadde nokre gjestar og selskap i eiga stove. Tanteborna (og Totoro) koste seg meg Totoro-filmen. Som de ser er tv-fasilitetane ikkje heilt til å skryte av enno… Og på golvet ligg dørlistene…

It was my birthday yesterday. I had a little party in my own house (for the first time). My tv-facilities are not up-to-date, as you can see… But we managed to hook up a dvd player so my nieces (and Totoro) could watch the Totoro movie.

Nytt frå heklefronten: Eg har starta på eit par nye tepper:

011

Ein del sirklar til eit nytt blomster-i-snøen-teppe. Etter mitt eige mønster.

Circles for a new Flowers in the snow blanket. After my own pattern.

012

Og ein ny vri på sikksakk-mønster. Eg fann mønsteret her.

A different chevron pattern. PAttern here.

013

Og no skal eg til med litt kjøkkenjobbing. Fann ut i går at det på tide å få handtak på kjøkkenskap og –skuffer…

lørdag 23. juli 2011

Berre trist

Uverkeleg å vakne til slike nyheiter.

Tankane mine går til dei som har mista sine kjære.

lilje

-----------------

We are a country in shock after what happened in Oslo and on Utøya yesterday.

My thoughts are with the people affected and those who have lost loved ones.

tirsdag 19. juli 2011

Tapet

Eg har framleis mykje som skal gjerast i huset mitt, men det er ting som eg kan pusle med framover. Mellom anna så skal soveromma også få ei ansiktsløftning etterkvart. Soverommet mitt skal få panelplater på tre av veggane (samme som på stova - har mange panelplater igjen…). Den siste veggen skal få ny tapet.

008

Eg har bladd i nokre tapetbøker innimellom, og det finst berre altfor mange å velge mellom… Men så fann eg ein eg likte på ein nett-tapetbutikk i England. Og den tapeten hadde dei ikkje på butikken her i bygda. Men å bestille tapet i utlandet virka litt skummelt (sjølv om eg er ganske dreven på netthandel), så det blei ikkje gjort noko meir med det.

010

Men her i juni oppdaga eg at tapeten var på salg! Så då vart det tapetkjøp likevel. Og tapeten kom trygt fram, sjølv om eg presterte å taste inn feil postnummer! Gamle-postnummeret mitt i Kr.sand sit visst endå i fingrane… Heldigvis ringte dei frå postkontoret i Vågsbygd og lurte på kvar eg eigentleg budde…

011

Det vert nok ikkje tapetsering på ei stund enno, men no har eg i alle fall tapeten klar.

015

When I get time I will redecorate my bedroom. One wall will get this wallpaper.

lørdag 16. juli 2011

Muffins!

Eller cupcakes som det heiter på godt norsk…

For ei stund sidan vart eg spurt om å lage cupcakes til eit bryllup. Klart eg ville prøve på det!

007

Dei skulle vere “bryllupskaka”, og då må det sjølvsagt eit stativ til. Eg leita opp bilde av slike på nettet. og (eks-sløydlærar-)pappa og eg tenkte ut ein måte å lage eit tårn med fem etasjer.

004

Og designen vår virkar bra! Kvit blonde rundt kanten var prikken over i-en! Den er berre limt på med dobbeltsidig tape, så den kan skiftast ut ved behov.

006

På toppen skal det vere ei lita kake som brudeparet kan skjære i. Forrige helg måtte eg prøvebake denne, for å sjå om eg fekk til pyntinga. Det gjekk bra…

013

Og dei siste par dagane har gått med til baking av 100 ++ muffins. Vanilje og sjokolade.

020

I går stod pyntinga på programmet. (Tør eg å nemne at det gjekk med 8 pk melis?)

021

Desse rosene er så fine, og faktisk ikkje så vanskeleg å få til – berre ein har rett sprøytespiss…

022

025

Vi måtte prøvestable alt på kjøkkenbenken. Derfor der det litt rotete ut rundt stativet.

030

Håpar dei fell i smak!

-----------------------------

I was asked to make cupcakes for a wedding. To present the cupcakes in style you need a cupcake stand. My father and I figured out how to make one. The design we came up with worked!

The last couple of days I’ve been making the cupcakes (100) and the little cake. I made a trial cake a week ago to see if I could make the roses. And the roses are easy to make, if you have the right tip.

Here is a tutorial for making the rose cake.

IMAG0096

Og her er alt stabla ferdig på kakebordet.

011b

Gratulerer med dagen til brudeparet!

tirsdag 12. juli 2011

Stolar

Eg samlar på stolar.

Og har no fleire sortar, ein av kvar. Etterkvart som dei kjem i hus får dei også nye fargar. Kvar sin, sjølvsagt.

030

Dei som har puter skal få nye trekk, og dei som ikkje har puter skal få det – ein gong. Stolen til høgre her fiksa eg for to år sidan, den blå til venstre fann eg ferdig malt på bruktbutikken.

022

No får dei snart selskap av denne. Skikkeleg grønn, ja. Ein annan stol ventar på knallgul maling. Så då må eg berre finne eit par stolar til. Raud og oransje må eg også ha.

----------------

I’m collecting chairs. All different, and they all get different colours. This is my collection so far. The plan is to give them all patchwork seats or pillows. I have another chair waiting for yellow paint. And then I only have to look for two more chairs, I must have a red and a orange one too.

mandag 11. juli 2011

Hage

No har eg faktisk eigen hage. Men der har hekkeplantene fått vakse fritt i mange år. Så dei var på god veg til å ta over heile området. Eg har gått hardt til verks med hagesaksa og har tenkt å ta vekk alt. Vil heller ha nokre bærbusker der.  Heldigvis har eg ein sterk bror som kan hjelpe til med å grave vekk røtene.

013

Ei rot har vi fått opp no, og hagen byrjar å likne på ein åker…

035

Men sjå, noko fint har eg som skal få stå. Rhododendron og peonar. Hurra for dei! Og så har eg ei rosebusk som har overlevd vinteren.

Dei stakkars peonblomstane låg nesten flate etter styrtregnet vi har hatt i det siste, så eg tok med meg eit par inn i ei vase. Nydeleg!

043

Og til neste år vil eg plante fleire peonar i andre fargar.  

046

-------

I have peonies in my garden! The only things that looks good there right now. I’m still trying to get rid of the bushes that have been left to grow for a long time. My brother helped to dig up the roots.

I think I should plant more peonies next year.

søndag 10. juli 2011

Vanilje

Eg bakar ein del oppskrifter frå utlandet. Og der er vaniljeekstrakt tingen. Ikkje veit eg om smaken blir veldig forskjellig frå å bruke vaniljesukkeret vi har her i landet, men det kunne vere artig å prøve…

026

Så no har eg handla vaniljestenger frå USA. (Etter å ha slått fast at 20 kr pr stang i butikkane her kom til å gjere ekstrakten rimeleg dyr…)

029

Det finst mange oppskrifter på nettet, ingrediensane er alkohol + vaniljestenger. Men oppskriftene varierer veldig når det gjeld mengde av kvar ingrediens. Men i følge denne sida skal det etter lova vere 6 vaniljestenger pr 2,5 dl (i dei ekstraktar som er for sal). Altså mykje meir enn dei fleste oppskriftene seier.

031

Og sidan eg no har nok av vamilje, stappa eg mange stenger ned i flaska med vodka, vil ha skikkeleg vaniljeekstrakt – ikkje vodka med vaniljesmak.

No står flaska i skapet og inhaldet vert mørkare og mørkare. Ein gong om dagen skal flaska ristas. Og om ein månad kan eg teste ut ekstrakten min.

PS: Kjøpte vaniljestengene frå denne butikken på ebay.

----------------------

I’m making vanilla extract for the first time. We don’t have this in Norway (only vanilla sugar) and I have wanted to try this for a time. Vanilla beans are quite expensive here so I ended up buying some on ebay.

In a month or so it will be ready.

Here is a recipe. And I got my vanilla here.

tirsdag 5. juli 2011

Søndagstur

Nesten fint ver på søndag, så vi tok ein søndagstur til Bjørke.

040

Sommarferieminner frå barndommens lange køyreturar strøymde på då vi møtte denne gjengen.

042

Dei hadde parkert midt i vegen og meinte tydelegvis at det var ein flott plass å opphalde seg…

045

Sjølv om regnet stort sett haldt seg vekke, var fjella meir eller mindre dekt av skodde.

057

051

Vi besøkte Bakketunet – eit freda gardstun. Fine gamle hus, med ny kunst og utstillarar.

050

053

055

060

059

Nokre detaljar frå husa…

061b

Tett ved tunet står dette huset, som dessverre ikkje har fåt mykje stell. Det kunne nok ha vore eit fint hus. Blir litt trist når eg ser slike tomme hus…

064

Og alle var samde i at det var ein fin tur Smilefjes

065

We went for a local trip this Sunday. The rain allmost stayed away the hole day, but the fog was here – hanging around the mountains. Meeting the goats lying in the road is not vey unusual in these parts of Norway. They were not very interested in moving away from the car…

We visited an old farm that now also is an art gallery.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails