søndag 30. august 2009

Z

1abcz002

Ja, dette var ikkje enkelt. Kan vel av og til lure på kvifor vi ha Z i alfabetet vårt…

Visste de at Z faktisk var ute av alfabetet ei stund? Z var den sjuande bokstaven i det latinske alfabetet – stod på plassen som G har no. Men så fann romerane ut at dei ikkje trengte Z, tok han ut og sette ein G der i staden. Etter ei stund fann dei ut at dei trengte Z likevel, men då var den sjuande plassen opptatt av G – så Z måtte plasserast til slutt i alfabetet i staden. (Nyttig informasjon frå Wikipedia.)

Men vi har jo tre bokstavar til, så Z treng ikkje vere sist hos oss.

-----------------------

Men over til noko om Z…

Ei bok eg las då eg var liten var boka Trollkrittet.

Den er skreven av Zinken Hopp.

Korleis kunne nokon ha eit slikt namn, tenkte eg då. Og var det ei dame eller ein mann? Eg fekk nok aldri undersøkt dette noko nærmare, men no tar det ikkje lang tid å finne ut.

Zinken Hopp var ei dame og heitte eigentleg Signe Marie Brochmann. Ho var forfattar, gjendiktar og omsettjar. Ho skreiv fleire barnebøker, og er mest kjend for Trollkrittet som kom ut i 1948. Trollkrittet er eit høgdepunkt i norsk nonsenslitteratur (og visst inspirert av Alice i Eventyrland). (Endå meir nyttig informasjon frå Wikipedia.)

Skulle gjerne hatt med eit bilde av boka her, men eg fann ho ikkje i dag. De får ta ein tur til biblioteket de som ikkje har lest ho endå.

Meir om Z her.

3318690925_099f86f0a1[1]

torsdag 27. august 2009

Brokkoli og litt til…

Brokkoli er kjempesunt, også i salat.

Eg har laga denne nokre gongar i sommar, og den er stadig like god. Og sidan søskena stadig vekk spør etter oppskrifta kan eg like godt legge den her.

Sjølv har eg laga meg ein variant som er ei blanding av fleire oppskrifter eg har sett. M.a. frå søster Marie.

Eg har brukt salaten både til kjøtt og fisk – alt går.

DSCF0935

Brokkolisalat

8 strimlar bacon – sprøstekt, i små bitar

2 brokkolihovud – delt i små bukettar

1 blomkål (kan utelatast) – i små bukettar

3 vårlauk - hakka

200 g Cheddar ost – raspa

1 dl solsikkefrø

1 dl rosiner

 

ein pakke majones (litt over 2 dl)

1/3 cup sukker (ca 0,75 dl)

2 ss (kvitvins)eddik

salt og peppar

 

Bland brokkoli, blomkål, vårlauk, ost, frø og rosiner. Rør saman majones, sukker, eddik, salt og peppar til dressing.

Bland alt saman og dryss over bacon til slutt.

søndag 23. august 2009

Snart ny veke

Søndag kveld – og snart tid for Poirot. Eg er straks klar for andre veke i ny jobb. Mykje nytt og nye fjes, men det skal bli fint. Første klasse er spennande. Både for meg og elevane.

Det tyngste den siste veka var nok å snu døgnet attende og stå opp tidleg igjen. Betre vart det ikkje av at vi følgde med på Dalgliesh-serien som NRK finn på å sende altfor seint på kveldane…

DSCF1042

Eg fekk lyst på grønne knestrømper og har starta på eit par spiralstøvlettsokkar. Skulle helst hatt einsfarga grønt sokkegarn, men det fann eg ikkje på butikkane her omkring. Så det vart strømper med striper. No er eg nesten ferdig med første strømpe. Eg skal prøve alt eg kann å bli like fort ferdig med nr 2.

Var ein kjapp tur innom bruktbutikken på fredag. Då fann eg desse bilda.

DSCF1072

Dei treng berre litt ettersyn, ny teip og litt støvtørking.

----------

This has been the first week in my new job. I started with a new class, 1st grade. Many new faces, new school so it has been busy. The hardest part last week was getting up early in the morning again – and trying not to stay up too late in the evenings…

I’ve started knitting some green Spiral Boot Socks. Hope to finish both socks before boot season starts.

Y

 

DSCF1068

Denne gongen sprang eg opp til nærmaste maurtue for å finne eit Yrande liv. Sandalane mine sklei av då eg klatra opp til tua, så etter å ha knipsa bildet trekte eg meg raskt attende før maurane Yra over meg også.

Fleire yndige innlegg om Y finn de her.

3318690925_099f86f0a1[1]

mandag 17. august 2009

X

Eg er skikkeleg seint ute med X-innlegget mitt. Litt tomt for fantasi i helga. Nynorsk-ordlista kunne ikkje hjelpe særleg mykje. Men eg hadde ein xylofon ein gong…

DSCF1026

Men eg fann nokre x-ar til slutt, sjølv om dei ikkje står for bokstaven x akkurat her.

DSCF1039

Eg brukar helst x i rutene når eg teiknar strikkemønster. Her har eg teikna av mønsteret på ei av dei mange små koftene vi har her i huset. Eg og brødrene hadde mange slike jakker (forskjellige) då vi var små tidleg på 70-talet. Takka vere bestemødre og gamletanter. Eg skal prøve å finne fleire og kopiere mønstra, for dei var fine.

DSCF1038

Resten av x-ane finn de her.

lørdag 15. august 2009

Rattus Ipodus

Iiiiik, ei død rotte!!

Har kattane hadde vore ute og gjort jobben sin?

Ved nærare ettersyn ser ein at det er rotte av typen Rattus Ipodus, ein fjern tremenning til den meir vanlege Rattus Norvegicus.

DSCF1031

Men så var den berre hekla likevel. Takk for det.

DSCF1035

Eg var inne hos Liselotte i dag tidleg og fekk inspirasjonen. Ha hadde laga ei slik til dottera si. Og sidan bror min satt rett borti her med iPoden sin, bestemte eg at han sikkert trengte ei død rotte. Nemleg.

DSCF1036

På grunn av øyrepropper og ledning blei det visst ei pungrotte til slutt.

DSCF1037

Kva blir det neste, seier eg berre…

-----

A dead rat for an iPod. Saw the idea at Liselottes. I had to make one for my brother. I decided he needed a dead rat.

fredag 14. august 2009

Stol nr 1

DSCF1014

I går fekk eg altså brukt litt av stoffa mine. Den siste veka har eg pussa opp ein mørkebrun stol eg kjøpte på bruktbutikken. Gløymde å ta bilder av korleis han såg ut før eg satte i gong. men stolsetet hadde to stygge trekk. Eit stofftrekk som var lagt utanpå dette grønne vinyltrekket.

DSCF0994 DSCF0999

Eg satsar friskt med turkis maling. Skulle eg bli lei det kan eg vel alltid male over med kvitt seinare. For nytt setetrekk sydde eg lappar saman i remser. Quilta lappetrekket fast i bomullsvatt for å få det litt stødigare. Til slutt stifta eg det fast i setet.

DSCF1018

Ta da!!

DSCF1017

Og er svært fornøgd. Så no får eg leite etter fleire stolar. På neste stol trur eg eg må få med litt raude stoff også. Denne vart litt pastellaktig. Men alle skal få vere turkise. Eg har mykje maling igjen….

DSCF1021

----------------------

I bought an old dining room chair at the thrift shop. It was dark brown with ugly green vinyl on the seat. Two coats of aqua paint and a few pieces of my fabric later – Ta daa!!!

Since I used quilting fabric I quilted it on cotton batting to make it stronger (I hope). Aqua, orange and pink look quite good together I think.

No I only need to look for more chairs.

eta: I have used oil based paint. Semi glossy.

torsdag 13. august 2009

Ein koffert full

koffert

Eg fann ein ny gammal koffert på bruktbutikken for ei stund sidan. Sidan regnveret bøtta ned ute i dag, tok eg ein liten ryddedugnad inne. Stoffbitane som vart stappa ned i ein pose under flyttinga fekk kome fram i lyset og bli litt sortert.

DSCF1009

Eg fekk plass til ca halve posen i denne kofferten. Trur ikkje eg skal nemne kor mange andre koffertar eg har, fulle av stoff :) Men eg har brukt litt stoff også i dag.

Eg er ferdig med ei stol-oppussing og gler meg til å vise fram resultatet i morgon, når det blir betre forhold for fotografering.

 DSCF1010

-------

The rain was pouring down today, so I played with my fabrics instead of going outside. I found a new old suitcase at the thriftshop a while ago. Old suitcases are perfect for storing fabric. (I will not tell you how many suitcases filled with fabric I have…)

This one looks quite happy and lovely now :)

søndag 9. august 2009

Fat på tå

Eg likar bruktbutikkar. Det har de vel skjønt for lenge sidan. Mamma og pappa kom akkurat heim etter kjøretur gjennom Sverige og fortalde om alle loppisane dei kjørte forbi. Eg trur eg får begynne å planlegge ferietur m/tilhengar til nabolandet.

DSCF0969

Systra og eg måtte nøye oss med bruktbutikken i bygda denne sommmaren, og vi romsterte rundt der ei stund for å finne materiell til vårt sommarprosjekt: Stettfat.

Litt dårleg med utval i fat som vi likte då vi var der, så eg tok i bruk ein middagstallerken eg hadde frå før. Ellers brukte vi stettglas og lysestakar.

DSCF0966

Ein god vask, litt lim og tørketid, og så hadde vi nye fat med stett.  Vi synes desse fata blei artige. Kanskje litt rare, men sånt likar vi :)

 DSCF0967  

Hurra for gjenbruk!

No skal eg ta med meg radioen og strikketyet ut i sola. Ha ein fin søndag!

-------

My sister and I made “new” cake stands from old plates, glasses, candle holders from the thrift shop. Quite funny!

fredag 7. august 2009

W

W for Walton-on-Thames.

Kvar er no det?, kan du kanskje spørre.

Det er byen eg budde i då eg var au-pair i England for 22 år sidan (oææhh, er det verkeleg så lenge…)

Som de ser av namnet ligg byen ved elva Thames, i Surrey, ca ein halv time med tog frå London. Det er vel ein typisk forstad til storbyen, med mange gamle parkar som er omgjort til penare bustadområder. Sentrum hadde eit par handlegater og ein McDonalds som vi besøkte når vi var der (McD var faktisk litt eksotisk på den tida). Det er også fødebyen til Julie Andrews har eg akkurat funne ut, og Monty Python filma mange av sketsjane sine der. (Kjekt med Wikipedia).  Meir om byen her.

Eg budde hos ein amerikansk familie med to born. Huset var stort, 7 soverom, stor hage  og eiga tennisbane. Familien hadde ikkje mindre enn 4 bilar; Ford, Mercedes, Porsche (konebil) og Rolls Royce (stasbil). Godt vi var to au-pairar til halde styr på alt :) Rommet mitt var oppe til høgre i tredje etasje.

DSCF0991

Etter at eg reiste derifrå har eg berre vore attende ein gong. Kikka på huset frå vegen (familien selde huset og flytta så eg kunne ikkje gå på besøk). Håpar de oveser den dårlege kvaliteten på bilda her knipsa frå fotoalbummet mitt.

DSCF0978 

For eit par år sidan kjøpte eg tilfeldigvis eit britisk magasin (som eg aldri hadde kjøpt før). Country Homes eller noko slilkt heitte det. Der var det m.a. reportasje frå nokon som hadde pussa opp huset sitt. Til sist var det eit lite bilde av sjølve huset.

DSCF0987DSCF0977

Det ligna litt på huset “mitt” tenkte eg. Og det var huset “mitt”! Eg synes det var ganske fantastisk at eg tilfeldigvis klarte å plukke opp akkurat det bladet, den rette veka.

Og no idag googla eg gateadressa for å sjå om eg fann noko interessant. Og kva dukkar opp? Salgsannonse for huset “mitt”. Så her kan de ta ein kikk. Berre GBP £2,695,000… Slik ser huset ut no:

ashley road 1ashley road 2

Det har nok blitt pussa opp eit par gongar sidan 80-talet, heile kjøkkenavdelinga er heilt ny.

ashley road 4ashley road 3

Dei siste bilda her er frå salgsannonsa.

Meir om W her.

W

-----

W is for Walton-on-Thames.

A little town in Surrey, south of London where I lived when I was an au-pair a long time (22 years!!) ago. This is the house I lived in. Quite a change for me from small town Norway. I havn’t been back in the house since I left (the family moved). But a couple of years ago I happened to buy a British magazine that happened to have an article about “my” house. Redecorated of course. What are the chances of me  buying just that magazine! I had never bought it before.

And now I goodled the adress and find that the house is up for sale! A little too expensive for me…

torsdag 6. august 2009

Paper Dolls

Eg er ferdig med test-gensaren min. Skulle prøve ut dette mønsteret på ein liten modell. Kjøpte litt Europris garn og strikka i veg på den minste storleiken. Den vart enno mindre sidan eg klarte å legge opp for få masker. Trur ikkje eg traff strikkefatsheita heller, men dette var altså ein test så eg gadd ikkje å rekke opp eller noko slikt. (Skrekkeleg så slapp ein blir om sommaren…)

DSCF0959

Gensaren er stor nok til ein 5-åring, eller liten 6-åring, kanskje. Vi har dessverre ikkje testmodellar i huset. Men den vert nok bursdagsgåve til ein eller annan.

Mønsteret heiter Paper Dolls og er laga av Kate Davies. Du kan kjøpe og laste ned mønsteret her.

 DSCF0956

Eg har akkurat starta på ein ny til meg sjølv. Denne gongen i litt tjukkare garn (Falk) og i litt mørkare fargar. Eg har også planar om å endre noko på damemønsteret. Er ikkje så vedig glad i så lange hopp som det er i damemønsteret her. Eg har også lagt til nokre fletter på damene. Dei var litt skalla i oppskrifta…

De som er inne på ravelry kan sjekke ut dei forskjellige versjonane der.

 

Trur nok det kan bli mange genserar som dette. :)

Blafre

Blafrebloggen har augustkonkurranse!

blafrekonkurranse

Mange flotte gåvekort-premiar, der ein kan velge varer frå butikken. Trekning allereie 10. august. Skund deg inn og sjå.

Les meir om konkurransa her.

onsdag 5. august 2009

Terrassepynting

Vi har pynta på terrassen. Foreldra har vore på langtur, så vi overaska dei med ny benk og nye tekstilar. Sydde nokre puter i full fart også.

DSCF0927

Og nokre brukte glas blei pynta med glasmaling.

DSCF0948

Lappeteppet eg sydde av gamle dongeribukser frå huset har fått ny plass. Og Kurér-radioen passar perfekt inn.

DSCF0947

Og jammen fekk vi nokre fine kveldar også så vi kunne sitte ute og og nyte stearinlysa og lukta av myggspiral (vekker sterke minner frå barndommens campingturar).

DSCF0932 

DSCF0940 

DSCF0944

Eg sat ute og strikka ferdig Paper dolls-gensaren min. Meir om den seinare.

strikke  

paper dolls

We’ve had summery weather again, and my sister and I decided to freshen up our parents patio. A new bench and some new pillows helped. Painted used jars to make small lanterns. And the rain stayed away long enough for us to enjoy the place a couple of evenings:)

I’ve sat outside and finished knitting my first Paper Dolls- sweater.

søndag 2. august 2009

V

Det nærmar seg alle dei vanskelege bokstavane no… (men eg har faktisk planar for w).

Men på V kunne det berre bli ein ting:

V for vesker.

Ein kan aldri få for mange vesker, er mitt motto. Og sidan eg likar å lage vesker sjølv (sy, hekle og strikke) så har eg ein del…

Heldigvis får eg bestillingar av og til slik at eg ikkje treng å ha alle sjølv. (Liksom begrensa kor mange vesker ein kan gi vekk i bursdagsgåve).

Her er eit bitte lite utval av det som er produsert.

mosaikk

Meir om V på ABC-bloggen.

3318690925_099f86f0a1[1]

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails