torsdag 28. august 2008

Nytt på heklefronten

Vel - nytt og nytt... (Ingen heilt nye prosjekt her, men variasjonar av dei eg har prøvd i det siste...)  Eg har framleis hekleviruset i kroppen. Sidan eg fann ut at eg likte Tapestry-garnet og at det passa fint til Anneskjerfet og at det snart er jul - så hamstra eg nokre nøster i dag. Eit i kvar farge, nesten.

I still have the crocheting bug. Went by the shop and bought some more Tapestry today. I'm making a few more Anne scarves. (Christmas is allmost just around the corner, isn't it?...)tapestry

Og så har eg tenkt å lage ein hekle-shoppingbag til. Denne gongen etter eige mønster. Denne veska har eg ikkje tenkt å behalde sjølv. Følg med, følg med!

I'm also making another shopping bag. Not for me this time...shopping bag shopping bag2

Nei, kva er det eg ser?!... Sekskantar igjen?!! Ja, det er det. Men berre 21 denne gongen. Skal prøve ut ein idé som niesa mi kom med då ho såg sommarteppet mitt. Eg kjem tilbake til dette seinare.

And yes; I'm making hexagons again...But only 21 this time. I have to try out an idea that my niece had when I was making my summer blanket.uskarpt

søndag 24. august 2008

Krokar

Eg har mange heklekrokar etterkvart. Akkurat som med strikkepinnane har dei ein tendens til å forsvinne når eg treng dei - med det resultatet at det vert kjøpt inn nye - og då dukkar som regel dei gamle opp igjen også. Merkeleg det der...krokar1

Men no har heklekrokavdelinga auka av andre grunnar også. Eg har nemleg oppdaga nye, deilige-å-bruke heklekrokar. Dei er sjølvsagt japanske (Clover Soft Touch), men eg har handla mine frå Get Knitted i England.krokar2

Som de ser av bileta er dei noko heilt anna enn dei gamle. Eg får ikkje krampe i fingrane av desse, endå så mykje eg har hekla i det siste. krokar3

Det andre Anne-skjerfet som eg begynte på i går, rakk jammen å bli ferdig før nattkinoen var over. Så fort gjekk det. Det er visst berre å finne fram meir garn. Rekk opp handa alle som vil ha eit slikt skjerf i julegåve (he-he). anne nr 1 anne nr 2   

I have many crochet hooks, they have a tendency to disappear when I need them - so I end up buying new ones... But lately the collection has increased because of other reasons. I have discovered the Clover Soft Touch hooks. They are so much more comfortable to use than my old hooks. I got my hooks from Get Knitted.

I started and finished another Anne scarf yesterday too.

lørdag 23. august 2008

På pallen

Det har vore ein fin dag for Noreg i Beijing, og eg har også kome til mål når det gjeld Ravelympics-prosjekta mine. Hurra, hurra for alle!!! (Og ei lita stund på sigerspallen for meg)

Ikkje så lett å ta bilete av jakka i dag - for mykje sol ute og for mørkt inne. Men her får de både eit lyst bilde med solflekkar og eit mørkt bilde tatt i spegelen inne.

heklejakka3 

heklejakka2

Eg har også gjort ferdig eit skjerf. Det er hekla i Noro Silk Garden- eit Japansk garn. Mønsteret er Anne. Det gjekk utruleg fort å hekle, så eg var i byen i dag og handla Rowan-garn til eit nytt skjerf (som allereie er halvvegs ferdig). Muleg at dette kan bli litt julegåver (hysj...)

anne3

anne

I finished my Ravelympics-projects in time! The jacket yesterday and a scarf today. It has been a good day for Norway ("we" won two goldmedals in Beijing also today).  Sorry for the not so good photos of the jacket - it was too sunny outside, and too dark inside... The Anne scarf was fun and quick to make. I have allready started another in Rowan Tapestry yarn. Perfect presents for christmas.

søndag 17. august 2008

Siste sommardagen?

Eg håpar ikkje det - men det ser ikkje så fint ut på meldingane. I morgon startar elevane igjen og eg skal møte klassa mi. No som andreklassingar - og ikkje lenger minst på skulen.

Innimellom planlegging av neste veke har eg hekla på altanen. Det går framover med jakka, og no har eg akkurat ei veke igjen til å bli ferdig.

Maybe this was the last day of summer? I hope we get some more nice days, but this coming week doesn't look too good on the forecast. Summerholiday is over and tomorrow I will meet my class again. In between work planning I've been crocheting outside. I'm making progress on my jacket - I still have one week to get it finished.

And I had to find my sewingmachine to make some clothes for my class' mascot Nora. I've been promising to make clothes for her all last year...

siste uteheklingutsikt

jakke 

Eg måtte også leite fram symaskina og sy nokre klede til Nora. Ho er "maskoten" til klassa mi. Lovte å lage klede til ho i heile fjor - så no var det kanskje på tide...

nora

Men så der det litt mørkare ut på himmelen. På tide å samle saman sakene og trekke inn i stova. Når berre sporten blir ferdig skal eg kose meg med Miss Marple.

Time to go inside... I'm going to enjoy Miss Marple on the TV as soon as the sport is finished.

   truande

torsdag 14. august 2008

Rykk tilbake til start

Eg starta så flott med heklejakka mi under åpningsseremonien. Eg heklar i eitt anna garn enn oppskrifta er laga for, men eg hadde faktisk prøvd ut heklefastheita før eg starta. Likevel rota eg litt fram og tilbake med kva str eg skulle lage. Enda til slutt med M/L og heklenål 4. (Sjølv om eg ikkje fekk rett heklefastheit med den nåla.) Etter nokre omgongar med stavar ser kanten nede ut til å bli akkurat passeleg.

Og så hekla eg i eit par dagar. Kjem godt i gang med mønsteret oppover bolen. Kanskje det er på tide å måle kor stort det blir. Oj, skal seie dette mønsteret gjorde alt litt mindre. Trudde ikkje M/L skulle sitte som eit pølseskinn? Fram med måleband.

 heklejakke

Ja, ja... Eg har visst hekla i veg på ei jakke som kunne passa meg i 6. klasse...

Og eg som veit at eg heklar stramt - Burde kanskje lære snart. Hekle / strikkefastheit står ikkje på oppskriftene berre til pynt.

SIdan eg vil ha ei jakke som eg kan bruke, så var det berre ein ting å gjere: Rekke opp alt saman og starte igjen med heklenål 4,5! Det er enno vel ei veke igjen av OL og Ravelympics...

ferieslutt

... ja, så var den ferien over...

Eg har kika gjennom feriebilda. Her er litt fleire minner: - Litt av kvart...

...I'm back at work... here are some more memories from the summer...

sykkel

Stilig sykkel på Grünerløkka. Skulle gjerne hatt ein slik.    Cool bike in Oslo.

plakatkunst

Plakatkunst       Old posters make art

utesofa

Utesofaen på Raudøya      Summersofa

himmel

Himmel over Ørsta      

 amund

Huset til Amund. Håpar han kan flyge.      Amund's house. I hope he can fly.

søndag 10. august 2008

Snopestoff

Eg har handla litt stoff i Japan igjen. nuno3

Kan nesten høyrest litt suspekt ut det her - å handle stoff i utlandet... Men det er altså tekstilar eg held meg til :)

Og så er det veldig kjekt å få pakkar i posten - sjølv om det er pakkar eg har ordna sjølv...

nuno1nuno2

Og frå nuno+ kjøper eg stoff som er litt spesielle og som eg brukar lite av om gongen. Altså snopestoff. 

nuno4   nuno5 nuno6 nuno7 nuno8 nuno9 

New fabrics from nuno+ in Japan. Mmmm... what shall I make with these?

Nye-serviset

servise2 Her ser de det fine serviset vi sikra oss på fredag. Var ikkje vi heldige. Eg fekk det ikkje med meg når eg reiste heim frå ferie denne gongen. Så det står trygt på "jenterommet" (eller prinsesserommet som vi kallar det heime hos mamma og pappa) litt til.servise4

Men når eg studerer bilda litt meir nøye, ser eg at det faktisk har sneke seg inn ein framand kopp. Sjå på den øverste koppen her . Den har samme form og gullkant, men blomstrane er forskjellig.

No er eg altså attende på Sørlandet. Og her regnar det. Håpar det blir nokre finar dagar til i sommar. No har eg eit par dagar på å pakke ut koffert og komme i orden før jobbstart på onsdag. Ha ei fin veke alle saman.

This is what we found in the thrift shop last friday. plates and cups for 12. My sister and I are sharing so we both get a set for six. I just discovered now that one of the cups has a different pattern. Look at the photo. Funny!servise1

fredag 8. august 2008

Leikar og bruktkupp...

Tusen takk for alle fine kommentarar om teppet mitt. Eg blir berre meir og meir fornøgd med det :)  Til de som har lyst på noko liknande - så er det berre å sette i gong. Lappeteppe må vere noko av det enklaste ein kan lage - perfekt for nybegynnarar. (Treng kanskje berre ein del tålmod for å gjere det samme om og om igjen.) Og så må eg anbefale å feste trådar undervegs. På dette teppet var det 926 trådar å feste - har eg rekna ut. Skulle eg gjere det til slutt trur eg nesten eg hadde gitt opp... Kvar sekskant har 144 stavar - så då blir det 16 560 til saman på teppet. Pluss kanten rundt (for den gadd eg ikkje å telle - er vel nokre hundre der også...)

No har vi sett på OL-åpning, og er veldig imponert over alle folka som gjer ting samtidig. Rett før det heile starta var vi (syster mi og eg) innom bruktbutikken. Der gjorde vi årets kupp - trur eg. Under eit bord stod ei kasse som dei akkurat hadde fått inn. Eg lukta Figgjo og stupte inn. Og der var det eit komplett service til 12 (koppar, frukost- og kaffitallerknar). Vi kunne berre ikkje gå i frå det. Så det blei 6 sett på kvar av oss. Fantastisk! (bilde kjem seinare)

Eg skal også vere med i OL- på ein måte. Ravelympics - Ravelry varianten, der vi skal starte prosjekt no under åpningsseremonien og vere ferdig før elden vert sløkt. Eg er med i Team Norway og skal delta i sweatersprint. Skal først og fremst prøve å få ferdig ei hekla jakke.

Ser ut som blogger har litt problem i dag, men eg skal prøve å poste likevel. No er ferien snart slutt for min del, men det har vore ein fin sommar.

 

We're watching the opening ceremony and we're impressed. All those people doing things at the same time! Thanks for the nice comments on my summer hexagons :)

I'm participating in the Ravelympics and will try to crochet this jacket. If I get time I'll do something else too. Not much left of the holiday now. Start work again wednesday.

I found something nice at the thrift shop today. Will show photos later.

tirsdag 5. august 2008

Sommarteppet 2008

I fjor var det Babette-teppet som var prosjektet - i år blei det sekskantar; som de kanskje har fått med dykk :)

teppe11 

Eg kjøpte ca 16 fargar - eitt nøste av kvar. (+ litt ekstra for kanten rundt). teppe5

Eg hadde i utgangspunktet ikkje nokon plan for korleis det skulle bli - anna enn å berre hekle i veg. Men eg bestemte meg etterkvart for å berre bruke eit nøste i kvar farge og slutte når d et byrja å bli tomt.

115 sekskantar blei det.

teppe4

Til slutt hekla eg ein kant rundt - for å ramme inn blomsterenga. kant

ferdig teppe 3

Teppet blei på ca 90 x 100 cm - akkurat stort nok til fanget. Sidan det er i bomull er det passeleg - ellers blir det for tungt. Eg trur ikkje det er nokon sekskantar som er like her, men treng de litt underhaldning kan de prøve å sjekke for meg...

heile teppet

 Last years project was the Babette blanket - this year it was hexagons.

I bought one ball of ca 16 different colours. Didn't have a plan originally other than to make colourful hexagons :) I decided to stop crocheting when I ran out of yarn. Ended up with 115 hexagons. Crocheted a border in the end, to frame all the colours. The blanket is now about 90 cm X 100 cm - just big enough for my lap. And I like it very much! I think all the hexagons are different from each other, bur if you need some entertaining you could check for me...teppedetalj

søndag 3. august 2008

Handlenett

Slik blei handlenettet til slutt. Eg kunne ikkje dy meg, og måtte berre ha ein liten turkis kant til slutt. Føler meg svært miljøvenleg når eg brukar denne på handleturen - må berre hugse å ta det med. veske1veske2

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg prøver å seie "nei takk" til plastposar på butikkane, men eg har lett for å gløyme å ta med ekstra handlevesker. Får berre lage ein del av dei slik at eg kan ha ei liggande klar i alle handveskene mine.veske3

veske5

 

 

 

 

 

 

 This is how the crochet shopping bag turned out. I had to add a little bit of aqua on the handles :)

I try not to take home plastic bags when shopping, but it's so easy to forget to bring something else to carry things in. I'll just have to make many like this so I can keep one in every bag - just in case.

lørdag 2. august 2008

Jeg vil ha en liten hund, vov-vov vov-vov

Niesa mi ville ha ei veske til nintendo-laddaren sin. Ho fekk kikke gjennom ei av Japanbøkene for å finne ei ho likte.

Men der fann ho også bilde av ein liten hund.

Så då blei det ein liten blå heklehund staden for laddarveske.hund5hund1    hund3

Trur han kan gjere kunstar også, berre sjå kor fint han kan sitte.

hund2

My niece wanted me to crochet a bag for her. She looked through one of my Japanese craft books, and found a picture of a little dog. So I ended up making a little dog for her - not a bag.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails